Hærpila kjem attende til Innlandet

Det starta på Hundorp, før ferda gjekk til Eidsvoll. No fyk pila vidare til Våler. 

Hærpilene per september 2022. F.v. Stig Fossum, Opplysningsvesenets fond, Katinka Schjerven Eriksen Våler kommune, Christian Semb og Borghild Lundeby, Stiklestad Nasjonale Kultursenter og Bjørn K. Sletten, Sør-Fron kommune.  - Klikk for stort bildeHærpilene per september 2022. F.v. Stig Fossum, Opplysningsvesenets fond, Katinka Schjerven Eriksen Våler kommune, Christian Semb og Borghild Lundeby, Stiklestad Nasjonale Kultursenter og Bjørn K. Sletten, Sør-Fron kommune. Mariann Bjelle Hærpilomgrepet vart etablert under tusenårsjubileet på Hundorp i 2021. Der laga elevar ved Sør-Fron ungdomsskole kvar si hærpil.

Desse pilene vart brukt som invitasjon til tusenårsjubileet, som gjekk av stabelen på Dale-Gudbrands Gard. 

Les meir om hærpilturneen i Innlandet frå 2021

Men ferda til pila stoppar ikkje der. Det kunne det gjort, men nokon ville det annleis. 

Stor nasjonal jubileumsstafett

Nasjonaljubileet 2030 – Noreg i tusen – år er godt i gang. Noreg skal markere sin arv etter Olav den heilage og framveksten av det norske riket politisk, religiøst, juridisk og kulturelt. Det skal slåast på stortromma.

Stort var det som gjekk føre seg på Hundorp i 2021, og ideen frå Hundorp med hærpila skal spele ei viktig rolle i jubileet. 

Nasjonaljubileet 2030 – Noreg i tusen år – er ein jubileumsstafett. Alle små og store stader i landet som vil fortelje sine historier om det politiske, juridiske, kulturelle eller religiøse, kan delta.

Arven etter 2021

Men kva så, når jubileumsåret er over og det endå er mange år att til 2030 då det verkeleg skal dundre frå trommene? Jau, då passar det veldig fint at sentrale element frå stafetten sitt første jubileum vert med vidare.

Born og unge var Hundorp si hovudmålgruppe. Med det for auge, var det mange aktivitetar som gjekk føre seg med og for unge. 

Prosjektleiar i Nasjonaljubileet, Borghild Lundeby, er blant fleire som har rosa innsatsen til Hundorp 2021 på nettopp born og unge. No vil ho teste ut eit ungdomsprosjekt under tittelen Ungdommens hærpil. Dette skal også skje i Innlandet, i Våler kommune, hausten 2022. 

Frå Hundorp via Eidsvoll og til Våler

Ungdommens hærpil blir overrakt fra leiaren i Eidsvoll ungdomsråd, Linnea Ottem-Holmsten, til prosjektleiar i Våler, Katinka Schjerven Eriksen og Stiklestad Nasjonale Kultursenter ved Christian Semb og Borghild Lundeby.  - Klikk for stort bildeUngdommens hærpil blir overrakt fra leiaren i Eidsvoll ungdomsråd, Linnea Ottem-Holmsten, til prosjektleiar i Våler, Katinka Schjerven Eriksen og Stiklestad Nasjonale Kultursenter ved Christian Semb og Borghild Lundeby. Mariann Bjelle Men først er det viktig å fortelje at hærpila frå Hundorp var ein tur innom Eidsvoll og Eidsivatinget. Dei har akkurat avslutta sin jubileumsetappe, med ein vellukka nettverkssamling for alle jubileumsaktørane i Nasjonaljubileet.

I Eidsvoll kommune hadde leiaren i ungdomsrådet ansvaret for ungdomsaktivitetane medan pila var i deira hender.

Leiaren i ungdomsrådet, Linnea Ottem-Holmsten, kunne på nettverkssamlinga fortelje at dei blant anna hadde arrangert ein fotballkamp, der det eine laget heitte Russland og det andre heitte Ukraina. Anledningen var at krigen i Ukraina akkurat hadde starta då dei hadde idemyldring. Dei ville setje opp ein kamp mellom demokratiet og diktaturet, for å kaste lys over situasjonen i Europa. 

- Heldigvis vant demokratiet, sa Linnea med eit letta smil. Ungdommane i Eidsvoll kommune var overtydde om at demokratiet også kjem til å gå av med seieren i den verklege kampen. 

Eidsvoll ungdomsråd har i tillegg til fotballkampen, laga sin versjon av hærpila. Det er denne pila som no skal til Våler, med von om å mobilisere og engasjere ungdommar til jubileet. 

Men kva er ei hærpil? 

En hærpil er ifølgje historiske tekstar ei budstikke. Sør-Fron ungdomsskule lot seg inspirere av eit sitat frå Snorresoga då dei utforma pila. Der heiter det:  

Da Dale-Gudbrand får høre at kongen Olav Haraldsson er på veg nedover dalen, […] skar han hærpil og stevnet alle dølene til å møte ham på den gården som heter Hundorp.

Dersom ein fekk ei hærpil sendt mot seg, var det berre å stille opp og ta del. Det kunne vere eit møte, eit ting eller ein kamp. Historia i Snorresoga seier også at kongens menn klarte å overtale gudbrandsdølene til å ta kristendomen og gi avkall på den gamle trua. Denne hendinga er kjent som "klubbeslaget". 

Er det fake news? 

Realismen i Snorresoga kan diskuterast. Kva er sanning og kva er reine skrøner? Dette er sjølvsagt ein viktig del av refleksjonar og samtalar Nasjonaljubileet ønskjer at vi skal ta.

DKS-produksjonen "Fra Snorre til Trump" er eit eksempel på korleis ein kan ta ungdom med i samtalen om truverdet i eldre kjelder. Dei må sjå det i lys av dagens verdssituasjon og vurdere om alle kjelder i dag er til å stole på.

Les meir om DKS produksjonen "Fra Snorre til Trump" 

Ungdommens hærpil er ungdom si stemme

Ungdommens hærpil skal samle ungdommar, tilby og gjere aktivitetar med dei. Mange aktivitetar skjer gjerne i samarbeid med profesjonelle kunstnarar. Prosessen og samtalar skal filmast gjennom åra som kjem. 

Tanken er at dersom ein tilbyr eit samarbeid mellom ein profesjonell utøvar og ungdommar, kan det vere med på å løfte blikket, skape nye samtalar og refleksjonar. Målet er også skape slagkraftige kunstnarlege uttrykk som er ein viktig dokumentasjon og avtrykk i seg sjølv. 

Ein pilot frå Innlandet, sentral i Nasjonaljubileet

Ungdommens hærpil. Både den frå Hundorp 2021 og den frå Eidsvoll 2022.  - Klikk for stort bildeUngdommens hærpil. Både den frå Hundorp 2021 og den frå Eidsvoll 2022. Mariann Bjelle Det blir spanande å sjå kva uttrykk og bodskap ungdommane gir oss. Kva vil dei formidle, kva historier vil dei fortelje frå si samtid?

Resultatet vil utgjere ei samling frå heile jubileumsperioden. Både ei samling med unike piler, men også ei samling med aktivitetar og unge stemmer i eit stort jubileum som skal inkludere alle i heile landet.