Regionalt kompetansesenter for dans
Fjelldansen er eit regionalt kompetansesenter for dans i Valdres og Hallingdal, drifta av FRIKAR i samarbeid med Teater Innlandet og Ål Landsdelsscene for Dans.
Fjelldansen skapar ein lokal og global møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Kompetansesenteret er støtta av Kulturrådet, Innlandet fylke, og Valdres Natur og Kulturpark. Fjelldansen er det einaste i sitt slag med hovudfokus på møtet mellom samtidskunsten og den lokale tradisjonsdansen.
Fjelldansen har som mål å auke kompetanseutviklinga i koreografikunsten og å styrke produksjons- og formidlingsvilkåra for dansekunst i området.
Fjelldansen står årleg bak:
- Residensar for dansekunstnarar av internasjonal kaliber.
- Kompetansehevande verkstader for profesjonelle og framtidige profesjonelle dansarar.
- Nettverksmøte mellom ulike residensstader, scener og dansekunstnarar.
- Koreografiske forskningsprosjekt som meislar ut nye moglegheiter å byggje vidare på.
- Kunstnarlege samtaler for å styrke det lokale publikumet sin kompetanse på dans.
Ein av Fjelldansen sine styrker har vore bruken av SMIA, som står for «Studio for Movement and Integrated Arts». Dette er eit spesialbygd studio som er spesielt tilrettelagt for tverrfagleg kunstutfalding. Det ligg vakkert til like ved Aurdal kirke, med sauejorde som nærmaste nabo og utsikt mot Aurdalsfjorden.
Alle vitjande kunstnarar fortel om arbeidsro og inspirasjon til nye tankar og idear som blir til medan dei jobbar her på SMIA.