Boklek for 12. gong

10. mars startar årets utgåve av Boklek for alle skulestartarane i Innlandet.

I løpet av våren vil barna bli kjende med forfattarskapen til årets forfattar Martine Grande.

Innlandet rundt med litteraturopplevingar

Portrettbilde av Martine Grande - Klikk for stort bildeMartine Grande Hanne Hasselberg

Forfatteren, som også er illustratør og animatør, skal reise rundt til folkebiblioteka i Innlandet og formidla frå biletboka «Stor». 

Turneen deler ho med forteljarane Marianne Sundal og Kristine Haugland som har lang erfaring med Boklek. 

Dei eldste barna i barnehagane er inviterte til dei lokale biblioteka sine til Boklek-arrangement. 

Forfattaren og formidlarane gler seg til å leggja ut på turné og treffe mange forventningsfulle barn på biblioteka. 

Turneen startar i Fyrverkeriet bibliotek i Vestre Toten og avsluttar i biblioteka i Rendalen og Stor-Elvdal 23. mai.

Portrett av Marianne Sundal - Klikk for stort bildeMarianne Sundal Kari Løvås
Portrett av Kristine Haugland - Klikk for stort bildeKristine Haugland Alva Thylen

Stor

Boklek-boka i år er ei historie om kva det vil seia å vera stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Tankeleiken blir løfta av rike, myldrande og fargesterke illustrasjonar med massevis av detaljar å dikte seg vidare inn i. Alle barnehagane får med seg eit eksemplar av boka til barnehagane sitt eige Boklek-bibliotek.

Boklek.no

På Boklek si eiga nettside ligg informasjon om prosjektet. Nettsida har fått nytt og forbetra design i år. Her er det morosame og lærerike aktivitetar barna kan gjere både før og etter bibliotekbesøket. Turnéplanen finst her og frå arkivet kan barna bruke aktivitetane frå dei siste fire åra på nytt. 

Boklek til fleire barn 

Boklek er eit samarbeid mellom Innlandet fylkesbibliotek, Norsk Litteraturfestival og alle dei 46 folkebiblioteka i Innlandet, og er eit leselysttiltak for alle skulestartarane i fylket. 

Gjennom 11 år har Boklek gitt mange barn i Innlandet verdifulle litteraturopplevingar. Det er eit leselysttiltak vi veit at verkar. Norsk Litteraturfestival har derfor jobba for at skulestartarar i fleire fylke skal få vere med på Boklek.

Frå 2024 støttar Sparebankstiftelsen DNB vidareføring og utvikling av Boklek. Det har gitt moglegheit for at tilbodet blir utvida til fleire fylke. I første omgang gjeld det Rogaland, Telemark og Østfold.

Tekst: Cecilie Lønnum, Innlandet fylkesbibliotek.