I løpet av våren vil barna bli kjende med forfattarskapen til årets forfattar Vegard Markhus.
Innlandet rundt med litteraturopplevingar
Vegard Markhus
Øyvind Sundfør Stokke-Zahl
Forfattaren, som også er illustratør og musikar, skal reise rundt til folkebiblioteka i Innlandet og formidle frå biletboka «Det runde problemet».
Turneen deler han med forteljarane Marianne Sundal og Kristine Haugland som har lang erfaring med Boklek.
Forfattaren og formidlarane gler seg til å leggja ut på turné og treffe mange forventningsfulle barn på biblioteka.
Dei eldste barna i barnehagane er inviterte til dei lokale biblioteka sine til Boklek-arrangement.
Marianne Sundal
Alva Thylen
Turneen startar i biblioteka i Vang i Valdres og Os 2. mars og avsluttar i biblioteka i Åmot og Løten 6. mai.
Det runde problemet
Boklek-boka i år er ei morosam og absurd bok om å sakne noko ein ikkje heilt veit kva er. Alle barnehagane får med seg eit eksemplar av boka til barnehagane sitt eige Boklek-bibliotek.
Boklek.no
På Boklek si eiga nettside ligg informasjon om prosjektet. Her er det morosame og lærerike aktivitetar barna kan gjere både før og etter besøket på biblioteket. Turnéplanen ligg på heimesida, og alle aktivitetane frå dei siste åtte åra ligg i arkivet slik at dei kan brukast når som helst.
Kristine Haugland
Alva Thylen
Samarbeid
Boklek er eit leselysttiltak for alle skolestartarane i fylket, og er eit samarbeid mellom Innlandet fylkesbibliotek, Norsk Litteraturfestival og alle dei 46 folkebiblioteka i Innlandet.
Boklek er ein viktig inngang til litteratur og leselyst for barnehagebarn. Gjennom prosjektet blir barna også kjent med biblioteket og samarbeid mellom barnehagar og lokale folkebibliotek blir styrka.
Tekst: Cecilie Lønnum, Innlandet fylkesbibliotek.