Desse tre var primus motor for møtet på Hamar. Frå venstre Jørn Øversveen frå seksjonen for kunst og kultur i Innlandet fylkeskommune, Anne Eknes fra Sparebankstiftelsen DNB og Ingunn Bekkevoll Tarebø frå seksjonen for kunst og kultur i Innlandet fylkeskommune.
Mariann Bjelle
Det var utgangspunktet for eit dialog- og nettverksmøte på Hamar Teater som nyleg gjekk av stabelen.
Danseløftet Innlandet i sentrum
Breidda i dansefeltet i heile Innlandet var representert gjennom dansekunstnarar, kompetansesenter, organisasjonar og kulturaktørar som møttest. Møtet var ei oppfølging av dialogmøtet som fylkeskommunen arrangerte våren 2025.
Denne gongen stod arbeidet fram mot Danseløftet Innlandet 2028 i sentrum.
Saman med Sparebankstiftelsen DNB inviterte Innlandet fylkeskommune til ein dag med faglege innlegg, erfaringar, dialog og idéutveksling. Målet var å utforske korleis den nasjonale satsinga Danseløftet kan bidra til å styrke dansefeltet i Innlandet.
Eit unikt utgangspunkt
Danseløftet er ei tiårig satsing frå Sparebankstiftelsen DNB som skal styrke og utvikle dansen i Noreg. Gjennom satsinga ønsker stiftinga mellom anna å nå fleire barn og unge, utvikle nye publikumsgrupper, styrke samarbeidet i feltet og skape nye arenaer for dans.
Alle dei tre komeptansesentra for dans var representert. Frå venstre Ella Fiskum frå Residency Eina Danz (R.E.D.), Kirsti Buchanan Ulvestad frå Fjelldansen og Leug AS og Annette Brandanger frå DansINN.
Mariann Bjelle
Innlandet har eit særleg godt utgangspunkt for å ta del i satsinga. Fylket er det einaste i landet med tre kompetansesenter for dans: Residency Eina Danz (R.E.D.), DansINN og Fjelldansen regionale kompetansesenter for dans.
I løpet av dagen delte sentra erfaringar frå sitt arbeid og peika på korleis samarbeid, kunnskapsdeling og felles innsats kan bidra til å utvikle dansefeltet vidare.
Eit gjennomgåande bodskap var at det ligg mykje kraft i det som allereie finst. No handlar det om å finne gode måtar å arbeide saman på, og bygge vidare på dei miljøa og initiativa som er etablerte.
Dans i heile Innlandet
Eit viktig tema gjennom dagen var korleis dans kan nå fleire menneske og få ein større plass i lokalsamfunna.
Deltakarane løfta fram alt frå talentutvikling og ungdomssatsingar til samarbeid med skular, barnehagar, frivillige aktørar og lokalt kulturliv. Det vart også diskutert korleis dans kan bidra til fellesskap, identitet, folkehelse og attraktive lokalsamfunn.
Fleire peika på verdien av å tenke utover dei tradisjonelle scenene og utforske nye møteplassar for dans.
Ønske om sterkare samarbeid
Gjennom gruppearbeid og samtalar kom det fram ei rekkje idéar til framtidige prosjekt og samarbeid. Mellom forslaga var regionale ungdomssatsingar, talentutvikling, nye produksjonssamarbeid og initiativ knytte til Ibsenåret 2028. Samtidig var det brei semje om at mykje av grunnlaget allereie er på plass.
Innlandet har profesjonelle dansekunstnarar, festivalar, kompetansesenter, talentmiljø, arrangørar og kunstnariske satsingar som til saman utgjer eit rikt og mangfaldig dansefelt.
Bygger vidare mot 2028
For Innlandet fylkeskommune er arbeidet med dans forankra i kulturstrategien, der eitt av måla er at fylket skal vere ein god stad å leve og verke for profesjonelle kunstnarar.
Dialogmøtet markerte eit nytt steg i arbeidet fram mot 2028. Samstundes var fleire opptekne av at satsinga må ha eit lengre perspektiv enn eitt enkelt år.
Spørsmålet framover er ikkje berre kva som skal skje i 2028, men korleis samarbeidet, kompetansen og engasjementet som finst i dag kan bidra til å styrke dansen i Innlandet også i åra etterpå.