«Det er gamalrunsk»

Sjå runesteinen og kulturminna i Gardbergfeltet gjennom auga til unge guidar. Vestre Slidre kommune har laga film. 

tre ungar og ein runestein - Klikk for stort bildeStillbilde frå filmen Gardbergfeltet. Jørn Nyseth Ranum for Vestre Slidre kommune.

Sett saman tre unge skodespelarar, kulturminne og ein filmskapar – og du får verdas finaste film som utforskar den verkeleg gamle tida i Valdres, tider då det ble rissa runer på bautasteinar, ofra på skålgropssteinar og menneska vart gravlagd i røyser og haugar. 

Vi blir tatt med tilbake til jernalder og bronsealder, til de eldste spora etter folk og husdyr i Slidreåsen. Den svært spesielle runesteinen, Einangssteinen, kan vere laga for heile 1700 år sidan. 

Det er Kulturkontoret i Vestre Slidre kommune som har fått laga film om kulturmiljøet Gardbergfeltet i Slidreåsen. Dette er eit av Innlandets største gravfelt frå jernalder og rommar også mange andre kulturminne og historier. 

Gardbergfeltet er det gjævaste kulturminnet vi har i kommunen og vi ønskjer å gi både store og små moglegheit til oppdage dette historiske og kulturminnerike feltet på ny. 

Det seier Ruben Magistad Wold frå Kulturkontoret i Vestre Slidre kommune. 

Sjå filmen

Her kan du sjå kva filmskapar Jørn Nyseth Ranum frå Valdres, saman med Vestre Slidre kommune og barna som deltek i filmen, har lagt vekt på. Filmen varar i to minutt. 

Besøk Gardbergfeltet og runesteinen

Den delen av kulturmiljøet som ligg nær runesteinen er tilrettelagd som kultursti. Langs stien er det  informasjonsskilt der du kan lese om historia i åsen, og det er god parkeringsplass. Det er skilta til Einangssteinen frå hovedvegen (E16) nær Slidre sentrum. 

Vestre Slidre kommune arbeider med skilting av stiane frå bygda og opp til kulturstien, og har også fått satt opp gapahuk der det går an å ta ein rast. 

Kvar sommar engasjerer kommuna geiter på beite for å halde vegetasjonen nede. Dei har også fått ei rolle i den nye filmen. Men geiter er ikkje nok, det vert også gjort skjøtselsarbeid kvart år i tillegg. Dette er ein viktig del av jobben for å kunne invitere folk på besøk. 

eti kart og ungar som peikar - Klikk for stort bildeDer er Einangsteinen. Stillbilde frå filmen Gardbergfeltet. Jørn Nyseth Ranum for Vestre Slidre kommune.

Kommunene sitt viktige arbeid for kulturminne

Alle kommunene i Innlandet har arbeidd med eigne kulturminneplanar (KIK) og det gjerast ein stor innsats for å ta vare på og synleggjere viktige kulturminne. 

Vestre Slidre kommune har i dette dømet lagt til rette for at skulen og barnehagen skal få lettare tilgang til historia og kulturarven, tenkt folkehelse og turmoglegheiter for både lokalbefolkninga og besøkande utanfrå.  Kommunane er eit viktig nav i arbeidet med kulturminne. 

Støtte frå Riksantikvaren og samarbeid med fylkeskommunen og Valdresmusea

Filmen er støtta økonomisk av Riksantikvaren via BARK – programmet (bevaring av utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø). 

Vestre Slidre kommune sitt filmprosjekt er ei av fleire oppfølgingar av samarbeid mellom Vestre Slidre kommune, Valdresmusea og Innlandet fylkeskommune for å gjere kulturminna i Slidreåsen meir tilgjengeleg for både lokalbefolkninga og turistar. Saman har vi bytt ut dei gamle informasjonsskilta og laga skjøtselsplan for området. 

sykkel  - Klikk for stort bildeVelkomen til Gardbergfeltet. Jørn Nyseth Ranum for Vestre Slidre kommune.