Dette kan du gjere i Innlandet i sommar

Festivalar og arrangement er godt i gang og viss du lurer på kva kulturlivet byr på, sjekk her. 

Sommer i Prøysen - Klikk for stort bildeSommer i Prøysen Rakel Berg Innlandet er fullt av opplevingar i alle former og storleikar. Kulturlivet eksploderar og byr på mykje for både store og små. Aktivitetar kjem i breidt format men også i smalt format, og alt i mellom der.

Det kan opplevast overveldande og til tider vanskeleg å velgje kva ein skal prioritere. Noko er kostnadskrevjande, andre ting er gratis. 

Kulturkalendar

Kulturkalendaren kulturnett Innlandet kan vere ein god stad å starte jakta. Her er det informasjon om mykje som skjer og ein kan søkje på sjanger, kommune og dato. 

Søkjer ein til dømes på førstkomande helg, 7.- til 9- juli, dukkar Countryfestivalen på Vinstra opp. Det gjer også Livestockfestivalen i Alvdal, som i tillegg til musikk tilbyr aktivitetar for heile familien. Odd Nordstoga skal ha konsert på Glitterheim turisthytte søndag 9. juli, før han dreg vidare til Jørn Hilmestemnet i Valdres som aukar på med aktivitetar utover veke 28. 

Eit utval arrangement

Her er ei liste med nokre arrangement. Fleire av desse får eller har tidlegare fått økonomisk stønad frå Innlandet fylkeskommune.

I tillegg kan ein som sagt bruke kulturkalendaren. 

Kulturnett Innlandet

God sommar! 

Arrangement Kommune/ stad Dato 2023 (med atterhald om endring)
     
Eventyrfestningen  Kongsvinger Jun 29-jul 6
Countryfestivalen Skjåk Skjåk Jun 29-jul 2
R.E.D. International Film Festival Vestre Toten (Eina) Jun 29-jul 2
Nattope på Otta/Otta ghost tour Otta Jun 30-
2830 - Sommerfestival Skoledammen Vestre Toten (Raufoss) Jun 30-jul 1
Country Music Festival Vinstra Nord-Fron  Jul 5-9
Opera di Setra Tynset (Tylldalen) Jul 5-9
Livestock Alvdal (Stormoen) Jul 7-9
Kalvstock Alvdal Jul 8
Strunkeveko Nord-Aurdal (og flere kommuner) Jul 9-14
Jørn Hilme-stemnet Nord-Aurdal (og flere kommuner) Jul 9-16
Dansefestivalen Sel Jul 11-16
Holmgårdfestivalen Grue Jul 14-16
Boogie Feet's Festival Dovre (Dombås) Jul 19-23
Breisjøfestivalen Alvdal (Breisjøseter) Jul 20-22
Vinjerock Vang (Eidsbugarden) Jul 20-23
Heme dine Engerdal (Lillerøåsen)Juli 21-24 Jul 20-23
Trollrock Øystre Slidre (Beitostølen) Jul 27-29
Ularm teaterfestival Kongsvinger Juli 31-4 aug
Helgøya Fortellerfestival Ringsaker Aug 4-6
Audunbakken Sør-Odal Aug 4-6
Kulturfestivalen Peer Gynt Nord-Fron  Aug 4-12
Festspillene i Elverum Elverum Aug 4-13
Festival for fortelling og biomangfold Stange Opsal Gård Aug 4-14
Kanalspelet Trysil  
Anna i Ødemarka Engerdal (Setermuseet) Aug 9-13
Barsok - sommerspel Gjøvik (Eiktunet) Aug 10-13
Høgget Tynset (Brydalen) Aug 19
Mellom halla Lillehammer  Aug 19
MOVE dansefestival Hamar Aug 25-27
Kvennstuguteatret Stange (Vallset) Aug 26-30
Diktardagar Vågå, Lom, Skjåk Aug 31-sep 3
Lillehammer Live Lillehammer Sep 1-2
Tynset Jazzfestival Tynset Sep 1-2
INN:PUST Gjøvik  Sep 1-2
Pascalfestivalen Gjøvik Sept 1-3
Hel Ved Festivalen Gjøvik (Vardal)  
Gudbrandsdal Musikkfest Gudbrandsdalen, flere steder Sep 29-okt 1