Har du idear til utvandrarmarkeringa?

No kan du søke om støtte til tiltak. Søknadsfrist er 15. oktober 2024.

Nærbilde av ei vaksa hand som held ei barnehand. - Klikk for stort bilde Mariann Bjelle

Det fylkeskommunale prosjektet «Migrasjon og identitet - ei markering av utvandrarjubileet 2025» er bakgrunnen for at det er oppretta ei tilskotsutlysing.  

Her finn du meir informasjon om støtteordninga og tilgang til søknadsportal.  

Inntil 250 000 kroner 

Innlandet fylkeskommune ønsker å løfte tema som migrasjon (flytting frå eit område til eit anna, innvandring og utvandring), folkevandring, identitet og utanforskap. Dette skal gjerast med utgangspunkt i vår eiga historisk store utvandring til Nord-Amerika som starta for 200 år sidan. 

– Utvandrarjubileet er viktig for oss som fylkeskommune å markere. Dette ønsker vi å gjere i samarbeid med innlandssamfunnet og har derfor oppretta denne stønadsordninga. Det er viktig å bygge opp om sterke fellesskap og inkluderande møteplassar i heile Innlandet fylke, seier leiar for hovudutval for kultur, Tom Svellet (Ap). 

Prosjekt som involverer born og unge og personar med minoritets- og/eller innvandrarbakgrunn er positivt. Du kan søke om inntil 250 000 kroner. 

Kven kan søke?

Aktørar på kulturfeltet, i næringslivet eller på andre fagområder som ønsker å gjennomføre gode idear. Herunder frivillige lag og foreiningar, profesjonelle aktørar på kulturfeltet, bibliotek, museum, kommunar med meir.

Minst ein av aktørane i prosjektgruppa må ha adresse i Innlandet, og sjølve tiltaket må føregå i Innlandet.

Ei delfinansiering

Støtta dekker deler av kostnadane, då fylkeskommunen ikkje fullfinansierer prosjekt.