Statsforvalter i Innlandet, Knut Storberget snakka om kulturen si rolle i samfunnet.
Leila Øvreseth
Cirka 190 kulturarbeidarar, kulturarrangørar, kunstnarar og andre kulturinteresserte var samla på Hamar 31. oktober og 1. november under Fylkeskulturkonferansen 2023.
Tema for årets konferanse var drivkraft – energien, krafta og motivasjonen som driv oss framover. Kvar kjem den frå?
– Alle har ei drivkraft i seg
På dag ein av konferansen snakka NRK-journalist Vegard Larsen om drivkraft. Han har over 600 intervju bak seg og har snakka med ulike personlegdomar som Jonas Gahr Støre, Erna Solberg, Liv Ullmann, Therese Johaug, Stellan Skarsgård og Anne Holt.
Larsen meiner at alle har ei drivkraft i seg. Omå tenke etter kva som er din drivkraft. Han snakka om å gjere som toppidrettsutøvarar. Dei har ei drivkraft for å bli betre i dag enn dei var i går, og set seg mål om å stadig bli betre.
Kultur er viktig som sosial møteplass
Statsforvalter i Innlandet, Knut Storberget meinar at kulturen gjer liva til folk betre og at det er ein arena for inkludering og samhald. Han kom til fylkeskulturkonferansen på dag to for å snakke om kulturen si rolle i samfunnet og kva betydning kulturen har for bulyst, attraktivitet og samfunnsutvikling.
– Eg vil vokte meg vel for å seie at kulturen er drivkraft for tilflytting, men kulturen er viktig som sosial møteplass og for å hindre utanforskap, sa Storberget.
Han påpeika at kulturen óg er viktig som sosialt verkemiddel i kriser.
Han roste samtidig Ringebu bibliotek og jobben dei har gjort med ope bibliotek som fungerer som ein møteplass der alle er likeverdige og alt er gratis.
– Biblioteka er viktige og er ei sone der eg får fred. Eg kjem til å sloss for dei til eg døyr.
Ein viktig konferanse
Ragnhild Angard og Kjersti Frackmann Strass synes fylkeskulturkonferansen er ein flott møteplass.
Leila Øvreseth
To av dei som deltok under fylkeskulturkonferansen var kultursjef i Vågå kommune, Kjersti Frackmann Strass og kulturkonsulent i Gjøvik kommune, Ragnhild Angard.
På spørsmål om kva dei har bitt seg merke i, og vil ta med seg vidare, peikar Frackmann Strass på Storberget sitt innlegg.
– Knut Storberget og det han sa om kultur for kulturen sin eigenverdi vil eg ta med tilbake.
Ho fortel at ho er heilt ny i jobben i Vågå kommune og at fylkeskulturkonferansen er ein fin arena for å møte folk.
– Det eg har tatt med meg i dag, er å tore å invitere inn aktørar som Musum fortalde om. Dei aktørane som ikkje er på våre arenaer til vanleg, seier Angard.
Maja Leonardsen Musum har jobba i museum i ti år og kom til fylkeskulturkonferansen med foredraget «Med kaos som drivkraft».
– Vi vil satse på kultur
Nyvald leiar i hovudutval for kultur i Innlandet fylkeskommune, Tom Svellet (Ap) er klar på at kulturen skal kjempast for. Saman med fylkesordførar Thoams Breen (Ap) avslutta han årets konferanse.
– Vi vil satse på kultur og skal kjempe for den. Det er lett å tenke at den blir ein salderingspost, men vi skal kjempe hardt for at den ikkje blir det. Kultur betyr veldig mykje for dei som driv med det og dei som opplever den, sa Svellet.
Han fortalde at kulturen har ei verdiskaping i samfunnet som ikkje viser att i budsjetta.
SSB opererer med tal på cirka 9000 kroner i året per person i verdiskaping. Det vil seie at dersom det er 5000 medlemmar i eit idrettslag, kor eller korps i ein kommune, kan du gonge dette med 9000. Det er 45 millionar i verdiskaping. Dette er ikkje pengar, men det er ei verdiskaping som kulturen bidreg til.
Får vener gjennom kulturen
Svelle seier at kulturen er limet i samfunnet.
– Når folk flytter til ein ny stad er det gjerne gjennom idrett, kor og korps at ein får nye vener. Om ikkje kulturen bidreg til mykje tilflytting, so bidreg den til at folk får det bra når dei først bur her.
Svellet seier at årets fylkeskulturkonferanse fekk fram spennet i kulturlivet i Innlandet og er ein arena for nettverksbygging.
Eit tema som engasjerer mange
Kultursjef i Innlandet fylkeskommune, Randi Langøigjelten er godt nøgd etter to dagar på fylkeskulturkonferansen.
–Det har vore heilt utruleg bra og det er så fint at det er så mange som er her. Kva er det som driv oss er eit tema som engasjerer.
Ho fortel vidare at tilbakemeldingane har vore veldig bra.
På spørsmål om kva rolle kulturen har i ei uroleg verd, svarar Langøigjelten at den har stor betydning.
– I ei tid med mykje uro, er kulturen det som bind oss saman, avsluttar ho.
Her finn du oversikt over heile programmet frå Fylkeskulturkonferansen 2023.
Regiondirektør i NHO Innlandet Jon Kristiansen i samtale med kulturkonsulent i Folldal Ellen Anniken Næstvold Engh og kultursjef i Lillehammer kommune Olav Brostrup Müller om attraktivitet og samfunnsutvikling.
Leila Øvreseth