I forskingsprosjektet Kunsten å lære (2020–2024) var det forskinga som sto sentralt. I prosjektet Nykål tek ein utgangspunkt i rammene og prinsippa, men ein står mykje friare i bruken av metodikken. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
Det er Søre Ål skule på Lillehammer og Aurvoll skule i Øyer kommune som held på med Nykål. Det ligg delvis i ordet, at det er noko nytt som skjer, og det stemmer bra. For på desse to skulane skal dei, med utgangspunkt i den erfaringa dei har med forskingsprosjektet Kunsten å lære, ta i bruk metodikken på fleire skuletrinn.
Til slutt er kanskje målet at heile skulen jobbar på denne måten.
Ein stor kabal
Rektor Fred Botten og inspektør Lasse Sorgendal ved Søre Ål, dreg i gong første planleggingsdag for alle
Rektor Fred Botten og inspektør Lasse Sorgendal ved Søre Ål skule på Lillehammer
Mariann Bjelle
lærarane på skulen denne dagen i august. Det er ein stor logistikk som skal på plass, med romfordeling, kva lærar som jobbar når og planlegging av innhaldet komande skuleår.
Og som ein del av den daglege læringa, skal alle lærarane ta inn Kunsten å lære-metodikken i undervisninga si.
Rektor Fred Botten seier at dei ser at elevane trivast godt med å ha Kunsten å lære, dei er motivert for undervisninga og lærer mykje.
– Vi ser også ein gevinst sosialt. Det er vanskeleg å sei kvar dei hadde vore utan dette prosjektet, men vi trur på at det har ein effekt, seier han vidare.
Blir ein viktig del av undervisninga
Innføring av ny metodikk og endring i skulen, tek lang tid og det vil vere ulikt i kor stror grad skuletrinna og lærarane vil ta det i bruk.
– Ein del av dette er litt kjent frå før, det liknar på andre prosjekt og metodar. Likevel, det som gjer kunsten å lære spesielt, er strukturen. At det er ein oppvarmingsdel, hovuddel og til slutt refleksjon. Denne strukturen gjer det brukarvenleg og tydeleg for lærarane, seier Botten.
Han påpeikar at ikkje all undervisning hjå dei vil ha Kunsten å lære-metodikk.
– Men, det er ein viktig del av undervisninga ved vår skule. Difor startar vi planleggingsdagane med å presentere og vise denne verktøykassa.
Kick-startar undervisninga med triggar
Kunsten å lære-kunstnaren Malin Katrine Vik i kostyme
Mariann Bjelle
Kunsten å lære-undervisninga er systematisert gjennom ulike tema, der eit tema varer i to veker. Tema er inndelt i økter, som so er inndelt i oppvarming, hovudaktivitet og refleksjon. I tillegg er det som regel ein triggar som kick-startar elevane si nysgjerrigheit for temaet. Triggaren kjem som regel i første økt.
Hand i hand med lærarane på Søre Ål og Aurvoll har dei med seg kunstnarar på laget. Ved Søre Ål er dette Malin Katrine Vik.
Ho illustrerte på planleggingsdagen ved skulen korleis ein triggar kunne vere. I rolla som engasjert forkjempar for villrein, trampa Vik inn i salen og gav alle kraftig kjeft for ikkje å ta vare på naturen.
– Eg var muligens hakket for morsk og sint no, men det skapte i alle fall engasjement, seier Vik smilande. Noko alle lærarane lattermildt nikka samtykkande til.
Kunsten å lære i praksis
Lærarane på 2. trinn på Søre ål, er godt i gang med å legge kalendaren for året. Nokre av lærarane har vore innom Kunsten å lære tidligare, for andre er det heilt nytt.
– Vi kjem til å sjå på undervisningsmateriell frå Kunsten å lære og vurdere kva vi kan bruke derifrå i undervisning vår, seier lærar Marie S Malmo, før ho held fram:
Lærarar på planleggjingsdag. F.h. Marie S Malmo, Kari Lene Kåshagen, Maja Lillerandklev, Mats Jensen og Marie Evensen
Mariann Bjelle
– Vi kjem også til å jobbe temabasert der fleire av tema er inspirert av Kunsten å lære.
Kollega Marie Jensen nikkar samtykkande, før ho seier:
– Vi har for eksempel tenkt å gjere eit opplegg med universet som tema, der klassa skal få besøk av ein alien. Dette blir ein trigga, ein uventa situasjon, som skal dra i gong temaet.
– Elles vil eg som ikkje har gjort dette før, gjerne sette meg inn i strukturen fra Kunsten å lære og ikkje minst ta inn dette med å ha refleksjon og oppsummering av undervisninga saman med elevane, avsluttar Jensen.
Her kan du lese meir om kunsten å lære