Ønsker Musikk i Innlandet inn på statsbudsjettet frå 2027

Fylkeskommunen har gitt sitt høyringssvar til regjeringa, med eit klart ønske om statleg finansiering av Musikk i Innlandet.

Regjeringa sitt musikkutval har utgreidd korleis norsk musikkliv kan styrkjast dei kommande åra. Innlandet fylkeskommune har tydelege innspel om regionale behov og betre samspel mellom forvaltningsnivåa. 

Framsidebilde på regjeringens NOU Musikklandet - Klikk for stort bildeForsidebilde på NOU2025:7 Musikklandet Regjeringen

Ei heilskapleg gjennomgang av musikkfeltet

NOU 2025:7 Musikklandet er ei samla utgreiing av det offentlege verkemiddelapparatet på musikkfeltet. Utvalet har vurdert korleis dagens ordningar fungerer, og føreslår eit meir samordna og berekraftig system som styrkjer både profesjonelle og frivillige musikkmiljø.

Målet er at fleire skal kunne skape, formidle og oppleve musikk – uansett kvar i landet dei bur.

Innlandet sine hovudinnspel

Innlandet fylkeskommune støttar intensjonen om eit sterkare og meir heilskapleg musikkfelt, og gjev særlege innspel på desse områda:

  • Tydelegare samspel mellom stat og regionar
    Fylkeskommunen understrekar at nasjonale verkemiddel må ta høgd for regionale forskjellar. Støtteordningar bør vere fleksible og kunne tilpassast lokale behov og strukturar.
  • Musikk i Innlandet inn på statsbudsjettet i 2027
    Hovudutvalet for kultur har peikt ut Musikk i Innlandet som ei av fylkeskommunen sine viktigaste satsingar. I høyringssvaret ber Innlandet om at ordninga blir innlemma på statsbudsjettet frå 2027, som eit døme på korleis regionale initiativ kan forsterke nasjonale mål.
  • Styrking av arrangørleddet og lokale musikkmiljø
    Innlandet støttar forslag om å styrkje arrangørøkonomien og turnéløysingar. Eit godt arrangørnettverk og trygge, levande lokale scener er avgjerande for eit rikt musikkliv i heile landet.
  • Ungdom og rekruttering
    Fylkeskommunen løftar fram at UKM, kulturskulane og frivillig sektor er ein viktig grunnmur for musikklivet. Eit nasjonalt system må bidra til betre vilkår for unge utøvarar og arrangørar. Innlandet peikar òg på at fylkeskommunane får eit større ansvar for regional talentutvikling framover. For å lukkast med dette må dei statlege verkemidla spele tett saman med regionale satsingar, slik at unge talent kan få profesjonell oppfølging, utviklingsmoglegheiter og gode arenaer å vekse på.
  • Sterk politisk satsing i Innlandet
    Det er brei politisk semje i Innlandet om å prioritere musikkområdet dei komande åra. Musikk i Innlandet blir framheva som ei hovudsatsing, saman med arbeidet for å styrkje regionale arrangørmiljø, frivillig musikkliv og samspel mellom profesjonelle og amatørar. 
Tom Svellet, sitjande i ein sofa - Klikk for stort bildeTom Svellet, leiar for hovedutvalget i IFK. Mariann Bjelle


Musikk i Innlandet inn på statsbudsjettet

I handsaminga av høyringssvaret la politikarane i hovedutvalet vekt på at ambisjonen om å få Musikk i Innlandet inn på statsbudsjettet var viktig. 

– Vi ønska å forsterke vår ambisjon når det gjeld Musikk i Innlandet, derfor ba vi administrasjonen utheve dette spesielt, seier leiar av hovedutvalget for kultur, Tom Svellet. 

Les meir om Musikk i Innlandet

Les heile høyringssvaret på regjeringa sine nettsider:

Høyringssvaret til Innlandet fylkeskommune