Seks bibliotek i Innlandet på topp 20-liste

Lom, Vang, Våler, Tynset, Os og Tolga er blant dei 20 beste i landet i 2022.  

Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitetar i norske kommunar og fylke som blir utarbeidd av Telemarksforskning. 

Lom folkebibliotek på topp i Innlandet

Portrett av  Rita Mundal og Merete Byrøygard - Klikk for stort bildeRita Mundal og Merete Byrøygard Even Lusæter

Lom har bytta plass med Vang heilt i toppen sidan 2021, og har rykka opp fra niande til åttande plass.

Biblioteksjef Rita Mundal meiner at satsinga på bibliotek-kafe har slått positivt ut, i tillegg til all anna formidling dei til dagleg jobbar med.

– Fleire brukar kafeen som arbeidsplass og møteplass, bibliotekbesøka varer lenger, og vi har hatt fleire arrangement enn før, seier ho.

Oppretting av bibliotek-kafeen er del av Lom kommune si satsing på folkehelse, der målet er å styrke biblioteket som ein stad for opplevingar, folkeopplysing og sosial møteplass. Bibliotek-kafeen opna i juni i 2022.

Biblioteksjefen fortel vidare korleis biblioteket i Lom jobbar aktivt med leselyst og trivsel.

– Vi har hatt eit godt og tett samarbeid med skulane i alle år med faste klassebesøk, bokpresentasjonar, lesekurs og forfattarbesøk for elevane. Dei siste åra har oppslutninga om og interessa for Sommarles vore heilt enorm i Lom.

 – Vi har også hatt fleire store prosjekt med fokus på litteraturformidling for vaksne. Vi håper at det både har inspirert folk til å lese og til å bruke biblioteket, avsluttar ho.

Vang ein god nummer to – og på ein niande plass nasjonalt

Portrett av biblioteksjefen i Vang, Marianne Riste - Klikk for stort bildeMarianne Riste Vang folkebibliotek

Vang i Valdres satsar på kultur og ønskjer å vere ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod. Dei ønskjer aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfald og samarbeid står i fokus. 

Biblioteksjef Marianne Riste synest det er moro og inspirerande å vere høgt oppe på lista.

– Eg har som mål å ha eit tilbod til alle i Vang. Med besøk i barnehagane, skulane og høgtlesing på Vangsheimen i tillegg til vanleg bibliotek og dei aktivitetane og arrangementa vi har her, håper eg at vi kjem langt, seier ho.

– Vi har eit godt samarbeid med skulane og skulebiblioteket. I tillegg har vi eit godt og tett samarbeid med Vang Frivilligsentral, som er samlokalisert med oss. Dette er bra for publikum både når det gjeld tilgang til biblioteklokala, aktivitetar og arrangement, som vi er fleire til å planlegge og gjennomføre, avsluttar biblioteksjefen.

Våler inn på ein tredjeplass i Innlandet 

Biblitoteksjef Eva Øiseth Wenstad - Klikk for stort bildeEva Øiseth Wenstad, Våler folkebibliotek

Våler har fått eit flott og nytt bibliotek, og 2022 var første heile bibliotekår utan bygging og renovering. Det var òg eit spesielt år for Våler som feira 1000- årsjubileet for kong Olav Haraldssons besøk i 1022.

Biblioteksjef Eva Øiseth Wenstad synest det er fantastisk fint å være tilbake på 20 på topp-lista til Norsk kulturindeks. Sist gong var i 2018.

– Vi hadde mange arrangement gjennom heile året i fjor, og fikk vist fram biblioteket på ein flott måte. Innbyggjarane trivst veldig godt i dei nye lokala, seier ho.

– Våler kommune har satsa på bibliotek, og det ser vi på resultatet, i tillegg til målretta utviklingsarbeid. Kulturavdelinga i Våler har folkehelse som hovudfokus, og vi er flinke til å dra vekslar av kvarandre sin kompetanse, slik at det kjem innbyggjarane til gode.

Våler folkebibliotek er eit samskapingsbibliotek, og BiKuBa (Bibliotek-Kultur-Bank) er eit levande bygg i sentrum.

Våler bibliotek - Klikk for stort bildeFoto: Våler folkebibliotek

Kommunen er liten med om lag 3600 innbyggjarar, men biblioteket hadde 11,11 besøk per innbyggjar i 2022, noko som er veldig bra. Våler folkebibliotek har 1,5 % stilling.

– Vi har barseltreff, babysang, er ute i barnehagane og har tett samarbeid med skulen, lag og foreningar. Vi har òg mykje tverrfaglege samarbeid i kommunen, spesielt innanfor barn og unge.

– Og vi har språkkafe, yoga, slektsgransking og mykje meir, avsluttar biblioteksjefen i Våler.

Godt samarbeid i Nord-Østerdalen

Portrett av Kari Sckancke Langen (Tolga bibliotek),  Anne Kristin Rødal (Os bibliotek),  Ellen Lie ( Tynset bibliotek) - Klikk for stort bildeKari Skancke Langen (Tolga bibliotek), Anne Kristin Rødal (Os bibliotek), Ellen Lie ( Tynset bibliotek) Privat/ NRK

Tre av biblioteka i Nord-Østerdalen er også i år med på topp 20-lista. Tynset ligg på ein 13. plass, Os på 14. plass og Tolga på 16. plass. Tolga har nett åpna eit nyoppussa og flott bibliotek.

Gode plasseringar i fleire år

Biblioteksjefane i dei tre kommunane er stolte over at biblioteka i Nord-Østerdalen har hatt gode plasseringar i kulturindeksen i fleire år.

– Det er motiverande å sjå at arbeidet gjev resultat. Ekstra artig er det at vi er så mange bibliotek i Fjellregionen som er innanfor topp 20 – Holtålen er på 2. plass i år, seier kultur- og biblioteksjef i Os, Anne Kristin Rødal. 

Os er eit kombinasjonsbibliotek og dei satsar mykje på klassebesøk. Dalsbygda skole er nedlagd, og det betyr ekstra innsats for å vere med på å skape eit nytt og godt fellesskap for elevane. Alle trinn frå 1. til 7. er på biblioteket kvar veke, med bokprat og/eller lesestund. I 2022 hadde dei mange fine og godt besøkte arrangement med variert innhald, og dei vil helde fram med dette.

– Behovet for ein stad å treffest og prate er stort – kanskje større enn før pandemien. Biblioteket er ein viktig arena her. Vi prioriterer óg fremjing av det digitale biblioteket. Dette er noko tyngre å nå fram med, men viktig!

Os skal byggje ny ungdomsskule. Eit vedtak i kommunestyret har fastsett økonomisk ramme, og der er kulturskule, fellesareal og nytt bibliotek innlemma.

– Vi har trivelege lokale no, men plasseringa er ikkje god – bortgøymt og mørkt i ei dolp bak skulen. Eit nytt bibliotek vil bli hjartet i ny skule og kulturarena og vil bli eit berikande løft for samfunnet. Mykje skal på plass enno, men vi har stor tru på at dette kan bli realisert, avsluttar kultur- og biblioteksjefen i Os.       

Tolga bibliotek - Klikk for stort bilde Tolga bibliotek

Nyoppussa lokalar

Tolga har opna eit lekkert og nyoppussa bibliotek no i oktober.   

– Vi har eit godt samarbeid, god delingskultur og lærer mykje av kvarandre. Dette gjev eit konstruktivt, morosamt og kollegialt fellesskap og samhald over kommunegrensene, og gjer oss i stand til å gjennomføre større løft, seier biblioteksjef i Tolga, Kari Skancke Langen.

Bokbamse

På Tynset har det og vore ein lang tradisjon for å satse på biblioteket. Det overordna målet då biblioteket vart fornya i 2019 var å skape ein attraktiv møteplass for folk i bygda, i tråd med det samfunnsoppdraget som er slått fast i den nye biblioteklova. 

– Vi ser dagleg at det er mykje folkehelse i ein uformell møteplass, seier biblioteksjef i Tynset, Ellen Beate Lie. 

– Plasseringa vår, omgjeven av ei rekke sentrale kommunale funksjonar, og med kulturhuset og kulturkafeen under same tak, har vist seg å vere ei velsigning for biblioteket. For her yrer det av aktivitet og liv! 

– Det gir oss og moglegheiter til å gjennomføre større arrangement enn det bibliotekrommet kan romme når det trengst. Det gir oss og mange gode samarbeidspartnarar å spele på, seier ho.

– Etter ein idé fra Øvre Eiker har vi i 2022 valt å skaffe oss ein bokbamse. I tråd med arbeidet med ny nasjonal leselyststrategi, ønsker vi å jobbe aktivt med litteraturformidling og språkbevisstheit fra barna er heilt små, og å engasjere foreldra. Vi trur sterkt på samarbeid mellom barnehagar og bibliotek, og har valt å bruke ressursar inn i eit slikt samarbeid.

– Vårt nyaste samarbeidsprosjekt er ein ny versjon av bloggen Kortreiste lesetips, seier Ellen Beate Lie.

– Særs viktig i denne samanhang er dei tilsette som dagleg skaper gode møte med lånarane, fine arrangement med god atmosfære, og ikkje minst alle klassebesøk og formidling til barn og unge. Der meiner vi at vi ofte lykkast og skaper mykje leseglede, avsluttar ho.

Mange gode bibliotek i Innlandet 

Fylkesbiblioteksjef i Innlandet, Tone Nyseter, meiner det er mange gode bibliotek og dyktige bibliotekmedarbeidarar i Innlandet. Kommunar som satsar på biblioteka sine får mykje att.

– Vi gratulerer dei seks kommunane med gode plasseringar på kulturindeksen. Det viser at kommunar som satsar på biblioteka sine og sørger for tilstrekkelege ressursar i form av medie- og arrangementsbudsjett, nok tilsette, gode opningstider og tenester, får mykje igjen for det, seier ho. 

– Kommunane Tolga, Våler, Lom og Tynset har satsa ekstra på biblioteka i form av renovering, nybygging og nystarta kafe-drift, noko innbyggjarane set stor pris på. Og i Os har dei vedteke bygging av nytt bibliotek.

– Men det er viktig å understreke at statistikkene ikkje seier alt om kor gode biblioteka er. Det skjer veldig mykje bra rundt om i fylket på biblioteka som ikkje synast på denne oversikta, avsluttar ho. 

Les meir på Norsk kulturindeks 2022