Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitetar i norske kommunar og fylke som blir utarbeidd av Telemarksforsking.
Kriteria som blir nytta for folkebibliotek er antal besøk, antal utlån, aktive lånarar og deltakarar på arrangement.
Lom folkebibliotek på topp i Innlandet
Lom folkebibliotek
Merete Byrøygard
Lom har det siste året rykka opp fra åttande til sjuande plass nasjonalt, og ligg på topp i Innlandet.
– Vi har satsa mykje på arrangement dei siste åra, på kunnskaps- og litteraturformidling, og på kulturelle opplevingar i biblioteket, seier biblioteksjef i Lom, Rita Mundal.
– Vi har også oppretta ein bok-kafé der folk kan treffast, sitte og lesa aviser, studere og jobbe. Tilbod om meirope bibliotek har òg ført til fleire besøk og auka utlån, avsluttar ho.
Våler går inn på en annenplass i Innlandet
Våler bibliotek
Våler har fått eit flott og nytt bibliotek som er lokalisert saman med kulturhus og bank. Bygget kallest BiKuBa.
Biblioteksjef Eva Øiseth Wenstad synest det er fantastisk fint å klatre på 20 på topp-lista til Norsk kulturindeks.
– Vi hadde mange arrangement gjennom heile året i fjor, og fikk vist fram biblioteket på ein flott måte. Innbyggjarane trivst veldig godt i det nye biblioteket, seier ho.
– Våler kommune har satsa på bibliotek, og det ser vi på resultatet, i tillegg til målretta utviklingsarbeid. Kulturavdelinga i Våler har folkehelse som hovudfokus, og vi er flinke til å dra vekslar av kvarandre sin kompetanse, slik at det kjem innbyggjarane til gode.
– Våler folkebibliotek er eit samskapingsbibliotek, og eit levande bygg i sentrum, avsluttar ho.
Vang ein god nummer tre – og på ein tiande plass nasjonalt
Vang i Valdres satsar på kultur og ønskjer å vere ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod. Dei ønskjer aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfald og samarbeid står i fokus.
Biblioteksjef Marianne Riste synest det er moro og inspirerande å vere høgt oppe på lista.
– Eg har som mål å ha eit tilbod til alle i Vang. Med besøk i barnehagane, skulane og høgtlesing på Vangsheimen i tillegg til vanleg bibliotek og dei aktivitetane og arrangementa vi har her, håper eg at vi kjem langt, seier ho.
Godt samarbeid i Nord-Østerdalen
Tre av biblioteka i Nord-Østerdalen er også i år med på topp 20-lista. Os ligg på 12. plass og Tynset ligg på ein 17. plass. Folldal har i år kome med på ein 19. plass.
Biblioteksjefane i Os og Tynset er stolte over at biblioteka i Nord-Østerdalen har hatt gode plasseringar i kulturindeksen i fleire år.
– Det er motiverande å sjå at arbeidet gir resultat, seier kultur- og biblioteksjef i Os, Anne Kristin Rødal.
Foldal bibliotek
Tone Nyseter
– Os er eit kombinasjonsbibliotek og vi satsar mykje på klassebesøk. Alle trinn frå 1. til 7. er på biblioteket kvar veke, med bokprat og/eller lesestund. Behovet for ein stad å treffast og prate er stort, og biblioteket er ein viktig arena her.
Biblioteksjef i Tynset, Ellen Beate Lie meiner at dei tilsette som dagleg skaper gode møte med lånarane er avgjerande.
Fine arrangement med god atmosfære, og ikkje minst alle klassebesøk og formidling til barn og unge, er også særs viktige.
– Der meiner vi at vi ofte lykkast og skaper mykje leseglede, seier ho.
Biblioteksjef i Folldal, Martina Pettersen er veldig glad for at Folldal bibliotek er på 19. plass i kulturindeksen i 2023.
– Eg trur at samarbeid med alle aldersgrupper i samfunnet gir oss bra resultat. Biblioteket jobber mykje med arrangement og tilbud på kvelder, og takkar for samarbeid med Folldal Helselag, Folldal skole og Folldal barnehage, seier ho.
Skjåk folkebibliotek er inne på ein 14. plass
Skjåk folkebibliotek
Biblioteket har eit tett samarbeid med skulen og har faste klassebesøk gjennom heile skuleåret. I år hadde dei rekordoppslutning på Sommarles der 78,6 prosent av elevane var med.
– Skjåk kommune satsar på biblioteket, seier bibliotekar Sigrun Eide.
– Dette gjer at vi i dag har meirope bibliotek og fleire arrangement gjennom heile året. Vi jobbar no tett saman med kulturkonsulenten i kommunen. Vi har stor tru på at dette samarbeidet kjem biblioteket til gode med fleire spennande arrangement framover.
– Vi er stolte av å vere så høgt oppe på lista og vi er stolte av lånarane våre, avsluttar ho.
Mange gode bibliotek i Innlandet
Fylkesbiblioteksjef i Innlandet, Tone Nyseter, meiner det er mange gode bibliotek og dyktige bibliotekmedarbeidarar i Innlandet. Kommunar som satsar på biblioteka sine får mykje att.
– Vi gratulerer dei sju kommunane med gode plasseringar på kulturindeksen. Det viser at kommunar som satsar på biblioteka sine og sørger for tilstrekkelege ressursar i form av medie- og arrangementsbudsjett, nok tilsette, gode opningstider og tenester, får mykje igjen for det, seier ho.
– Men det er viktig å understreke at statistikkene ikkje seier alt om kor gode biblioteka er. Det skjer veldig mykje bra rundt om i fylket på biblioteka som ikkje synast på denne oversikta, avsluttar ho.
Les meir på Norsk kulturindeks