Viktig valdreshistorie på kartet

Moderne teknologi gir oversikt over jernvinneanlegg frå vikingtid og mellomalder i alle kommunene i Valdres.

kart med 3D-modell.  - Klikk for stort bildeSlik kan eit jernvinneanlegg med kolgroper sjå ut på LiDAR. Kulturarv, Innlandet fylkeskommune.

Valdres er kjent for den store og gode produksjonen av jern i vikingtid og mellomalder, såkalla Valdresjern. I område der arkeologane har vore ute på registrering er det tett mellom jernvinneanlegga og kolgropene i den nasjonale kulturminnedatabasen som heiter Askeladden. 

Men i mesteparten av utmarksområda i Valdres har det ikkje vore registrering og dermed er ikkje  kulturminna i store delar av utmarka med på kartet. 

Dette er sjølvsagt uheldig. Når kulturminna ikkje synest på kulturminnekartet mistar lokalsamfunna ei kjelde til kunnskap om si historie. Vi risikerer dessutan at kulturminna kan bli skada eller øydelagde. Det kan til dømes skje ved skogsdrift. 

Dette har Kulturarv i Innlandet fylkeskommune gjort noko med. I 2023 har vi kartlagt kulturminne i utmarka i dei seks Valdres-kommunane ved hjelp av LIDAR-teknologi. 

Arbeidet har skjedd frå kontoret. Korleis dette er mogleg, kan du lese om her.

Registrering frå kontoret med LiDAR-teknologi

Moderne teknologi har vore til stor nytte i arbeidet: det meste av Innlandet er laserskanna frå fly (LiDAR). På bakgrunn av dette er det laga nøyaktige og svært detaljerte digitale modellar av terrenget i fylket. Her kan ein sjå ei mengd synlege kulturminne. Mange av desse er så lette å kjenne att frå dataskjermen at vi kan registrere dem direkte i Askeladden. Vi treng altså ikkje bruke tid på å besøke dei i felt først. 

Les meir om LiDAR på heimesidene våre.

I fjor byrja arbeidet med å leggje inn desse synlege kulturminna i fylket i Askeladden. Arbeidet starta i Midt-Gudbrandsdalen, og her vart det lagt inn meir enn tusen objekt. 

8000 kulturminne funne på LiDAR-bileta i Valdres

Kartleggingsarbeidet har i år altså flytta seg til Valdres, der meir enn 8000 tidlegare ukjende kulturminne er funne på LiDAR-bileta. Det meste av dette er jernvinneanlegg og kolgroper knytt til den store jernproduksjonen i Valdres i vikingtid og mellomalder.  

For store delar av Valdres har LiDAR-bileta vore til stor nytte. Vi har faktisk funne tre gonger så mange jernvinneanlegg og kolgropar enn det som var kjent frå før. I tillegg har me fått eit meir heilskapleg bilete av kor jernproduksjonen faktisk føregjekk, ikkje berre der arkeologane har vore. Og for ein jernproduksjon det har vore! 

kart - Klikk for stort bildeSlik er bildet for jernvinneanlegg (svart prikk) og kolgroper (raud prikk) etter LiDAR-arbeidet i Valdres. Kulturarv, Innlandet fylkeskommune.

Kulturminne kjem på kartet – kanskje på din eigedom?

Som ein konsekvens av fylkeskommunen sitt registreringsarbeid vil grunneigarar i Valdres kunne oppleve at det på slutten av 2023 og i 2024 kjem nye markeringar av freda kulturminne på kartet på eigedomane deira.

Kulturminna er freda sjølv om dei ikkje har vore lagt inn på kart tidlegare. Alle kulturminne eldre enn 1537, altså frå mellomalderen og tidlegare, er automatisk freda etter kulturminnelova. Det er altså ikkje snakk om nye fredingar, men at kulturminna no er komne på kartet.

Til hjelp for grunneigarar og entreprenørar

Forhåpentlegvis vil det være til hjelp, til dømes ved å førebyggje at grunneigarar eller skogsentreprenørar ved ein feil skal kome bort i freda kulturminne under arbeid.

Kulturminnesøk

Du kan sjølv leite opp kulturminne der du bur på Kulturminnesøk. Her finn du alle kulturminna som ligg i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden.